Jungelen er ganske spektakulær, den er det. Alle insekt er gigantiske, og all natur er ekstra frodig no som det er regntid. Ein heilt spesiell måte å oppleve det på, er å fly gjennom, langt over bakkenivå.
Eg kan ikkje heilt hugse om eg har eller ikkje har vore eit bursdagsmenneske opp igjennom tidene, men eg er heilt sikker på at eg syntes det er mykje meir stas når eg er heimefrå og driv med heilt andre ting. Og eg syntes det er ekstra kjekt at min entusiasme for dagen smittar over på alle rundt meg.
Kjempemange koslege folk som tikkar inn, ein etter ein. Vi køyrde på med bli-kjent leikar og omvisningar og eg merka ganske tidleg at den eine foten min var litt rar.