-Welcome to the third world baby, seier venninna mi i det vi set oss inn i ein gypsey, ein pitteliten buss uten seter, belter eller dør, som vinglar litt når vi køyrer forbi skuleungar, gatemat og midreårige motorsyklistar
Vi har nettopp såtte ein time i båt som sild i tønne for å komme oss frå Manila til øya Puerto Galera, . Aircondition og wifi har vi lagt bak oss.
Vi kjem til eit stort resort på turistperla, men tar av vegen på motsatt side, til ein grusveg som fører oss til eit stort tun med open grind. Dørene er alltid opne hjå Stairway foundation. (sjå meir om organisasjonen her)
Velkomsten er varm frå første stund. 16 glade gutungar som syng og ler. Dei vil vite kva vi heiter, kor vi er frå, om vi speler fotball og om vi høyrer på Ed Sheeran. Det er omtrent så langt engelsken går, medan dei gomlar i seg lokal fisk og ris. Enkel mat, men betre enn dei kunne spurt om. Dei fleste pleide å sniffe lim på gata, slik at dei ikkje kjende svolt.
Etter middag får vi sitje i grupper og lage armband. Mine gutar prøver å lære meg Tagalog, the lokale språket. Dei ender mest opp med å le av meg, og av kor dårleg armbandet mitt blir. «no, no, no – again» På tida eg har laga eitt, er dei ferdige med tre. Men dette er trass alt ein av måtane dei tener pengane sine på, så dei kan det godt. For litt under 5kr kan du få kjøpt eit slikt armband.
Vi søv 6-mannsrom med eit par golv-vifter og kaldt dusjvatn. Tidleg, for vi skal opp før sola neste dag for å sjekke ut Sea Adventure school.

Vi snorklar, ser fiskar, korallar, sjøskilpadde og vi får sjå lærebøkene dei bruker på slike turar.

Stairway jobbar nemleg på svært mange område i Puerto Galera. Blant anna tek dei lokale undomsskuleelevar med på snorkleturar for å lære om havet, og kvifor vi må ta vare på det. Dei har mat-program for urfolket i fjella, slik at ungane har moglegheit til å gå på skule. Dei har fleire program med integrering av urfolket, og kampanjer mot seksuell mishandling av born, men det vi holdt mest på med var rehabilitering av gateborn; misbrukte gutar.
Myndigheitene i Manila er nemleg leie av at over ein million born søv på pappøskjer eller i skur. Kvar natt køyrer dei rundt for å “rydde”, som dei kallar det. Som om dei plukka panteflasker. Familiar blir revne frå kvarandre medan ingen ser. Kasta inn i ein bil, og køyrd til eit senter, ulike senter for småborn, gutar, jenter, vaksne. Ingen har dokument, nokre veit ikkje eingong sine eigne namn. Innanfor piggtråden er det ingen hjelp å få. Dårleg mat og mangel på skule. Det er her Stairway foundation kjem inn i biletet: kvart år får 40 gutar utav fleire hundre bli med til Puerta Galera. Dei som tør å gje slepp på gata og vil ha ein ny sjanse.

Her bakar vi ilag, tar oppvasken ilag i eit skur medan vi syng Ed Sheeran. Ein balje til såping, ein til å skrubbe, ein til å skylle. Vi sender tallerkane nedover og nokon tek imot så dei får tørke. Vi speler på trommer og gitar. Folkesang på tagalog, folkesong på norsk.
Om kvelden ein dag ungane har lagt seg speler lærarane teater for oss. Dei er tre stykke, alle bur på Stairway og fungerer nærmast som foreldre for gutane. Dei er her for å gi tilbake til organisasjonen, for dei vaks også opp her for mange år sidan.
Saman har dei skrive songar og laga scener.
Om då ho som 7åring blei henta til eit bordell.
Om då ein turist betalte mora hans for å få ha han med på hotellrommet eit par netter.
Om den framande mannen som berre skulle hjelpe dei, men som ville ha noko tilbake.
Stairway reknar med at over 75% av 13 og 14åringane blei mishandla før dei kom. Dei jobar for awareness og let gutane sjå teaterstykke når dei er klare.
Vi går fjelltur, til Baclayan, toppen av Puerta Galera.

Ein guida tur med potensielle sponsorar. Vi får møte urfolket.
På ca 2-4 kvadratmeter bur ein vanlig familie. Litt større en dusjen på rommet i Thailand, litt mindre enn klesskapet. Nokre av bølgeblekk, andre av strå.

“do you see how easy they are to burn?”
Dei har ikkje ordentelege butikkar, men kioskar oppi fjellet. Chips, snop, sukker i plast. Vi får komme inn å sjå korleis dei lev, vi får drikke av kokosnøttene i hagen. Kvite turistar som snakkar eit språk dei ikkje forstår.

for spesielt interesserte – sjå min refleksjonsvideo her