Eg hadde eigentleg sansen for å feire nasjonaldagen i utlandet då eg var ung, men eg merkar eg er veldig nasjonalromantisk for tida. Før syttande mai bestemte eg meg derfor for å informere alle om den store dagen som nærma seg og arrangere is-spising, sidan det jo er den viktigste tradisjonen.

Norge er ganske sære når det kjem til nasjonaldag. Ein heil nasjon kler seg i bunad etter champagne-frukost og tek til gatene for barnetog og vi syng høgt med flagg og vimplar i hendene medan ungar angrep russen for å få tak i dei siste russekorta.
-
Raudt, kvitt og blått -
Potetskeier med egg -
Slåball!

Nokre tradisjonar er vanskeleg å få til i Thailand med éin nordmann, sjølv om det er ei kulturell oppleving verdt å få med seg, så det blei is til du ikkje lenger orka, nysteikte vafler og 17.mai-leikar akkompagnert av russemusikk (som forøvrig er veldig populært, og mange forvekslar det med koreansk).
Når kvelden kom møtte eg for første gong ei jente frå ein thai-norsk familie som har busatt seg i Phuket, berre for å snakke litt norsk og tenke på Norge. Ho kjøpte til og med laks.
Eg prøvde naturligvis å telle is gjennom dagen, men eg gjekk ut av tellinga etter fem.
Gratulerer med dagen!

